Blomar til minne om Kong Harald V
Ordførar Audun Mo har i dag på vegner av Lærdal kommune lagt ned blomar utanfor Villakssenteret, til minne om Kong Harald V.
Lærdal og laksefiske hadde ei særskild betydning for Kong Harald V gjennom mange år. I samarbeid med opninga av Norsk Villakssenter i 1996 avduka Kong Harald V dei to laksane på plassen utanfor Villakssenteret.
Staden er difor eit naturleg minnepunkt etter Kong Harald V, og det nære forholdet han hadde til Lærdal.
Her kan me saman minnast Kong Harald V og visa takksemd for dei mange gode minna. Me minnest Kong Harald V som ein folkeleg og kjær konge og våre tankar og djupaste medkjensle går til hans næraste, seier ordførar Audun Mo.