Bli vår nye aktivitetsvenn!

Vil du vera med på å gjera ein skilnad? Bli vår nye aktivitetsvenn!

Illustrasjonsfoto som illustrerer aktivitetsvenn - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto som illustrerer aktivitetsvenn.

Kva er det, lurer du kanskje på? Ein aktivitetsvenn er ein som bidreg til aktivitet og gode opplevingar i livet til ein med demens.

Du blir kopla saman med ein som har dei same interessene som deg og målet er at tida i lag skal vera til glede for begge. Det kan vera alt frå ein kopp kaffe til tur, fisking, kino, konsert eller andre kjekke aktivitetar.

Du treng ingen kompetanse frå før - berre eit ynskje om å nytta tida til noko meiningsfullt og bli kjent med eit nytt menneske. Du får tilbod om kurs og lærer om demens, rolla som aktivitetsvenn og kommunikasjon.

Er du interessert, nysgjerrig eller har spørsmål - gjerne ta kontakt på hukommelsesteamet sin epost: hukommelsesteamet@laerdal.kommune.no eller klikk på denne lenkja for å lesa meir om det på Nasjonalforeninga for folkehelsa sine sider. Du kan også ta kontakt med ein av kontaktpersonane nemnde under.

Me håpar at du vil vere med!

Kontaktkort

Hilde Hokstad
Demenskoordinator
E-post
Telefon 90 17 24 18
Brita Skjerdal
Ergoterapeut (Vikariat)
E-post
Mobil 45 87 31 80