Bli med på ryddedugnaden for ein rein Sognefjord 10. september

Dette er tredje året på rad at denne ryddeaksjonen vert gjennomført langs Sognefjorden.

Lærdalsfjorden - Klikk for stort bileteLærdalsfjorden Ole Ramshus Sælthun

Torsdag 10. september er det klart for ryddeaksjonen Rein Sognefjord.   Målet er ein plastfri fjord – for å verne naturen og dyrelivet i havet, og for å ta vare på fjorden for dei som kjem etter oss.

Kva er Rein Sognefjord?

  • Kva: Ein strandryddedugnad der me ryddar så mykje marin forsøpling vi kan på éin dag
  • Kvar: På land og langs heile kysten av Sognefjorden
  • Når: Torsdag 10. september 2026 – dugnadsdagen (Men det kan ryddast i perioden 10. - 20. september)
  • Kven: For alle som bur rundt Sognefjorden eller som vil ta turen for å delta på ryddedugnaden

 

Me oppmodar skular, barnehagar, lag og organisasjonar til å bli med på den store ryddedugnaden langs Sognefjorden.

Hanskar og sekker kan hentast på rådhuset. Det er satt opp kontainer i Habben. Kontaineren vil stå til 21. september, og det er mogleg å rydde fra 10. – 20. september.

Plakat ryddeaksjon framtidshavet - Klikk for stort biletePlakat Rein sognefjord Framtidshavet.no

Les meir om ryddeaksjonen på Framtidshavet sine nettsider