Ein viktig tradisjon i Lærdal er vårryddeaksjonen – då plar mange frivillige å stilla opp for å gjera bygdi ryddig og fin. Det håpar me sjølvsagt mange gjer i år også.
Nokre av områda er allereie fordelt ut til skular, barnehagar og ulike lag og organisasjonar. Resten av kommunen vert rydda av dykk som stiller opp på dei ulike grendehusa kl. 17.00 denne dagen.
På Lærdalsøyri blir Frilund ungdomshus base – her får ein utdelt utstyr til ryddinga når ein møter opp og det blir konteiner å kasta søppelet i etterpå. Lærdal ungdomslag serverer vaflar og saft til dei som har rydda og Lærdal musikklag spelar utanfor ungdomshuset om lag klokka 18.30 denne dagen.
På Ljøsne blir base for ryddinga Ljosheim grendahus og på Borgund blir det kommunehuset. Her vert det også utdelt utstyr til dei som deltek på ryddinga.
Vedlagd er kart med framlegg til ryddeområde, fargekodane er som følgjer:
- Blått område (Hedler): Barnas turlag
- Lilla område (Grandane + oppsida av viltgjerdet på Bergo): Lærdal turlag
- Grått område (Småbåthamna): Lærdal båteigarlag
- Raudt område (Sentrum – Gamle Lærdalsøyri): Vaksenopplæringa
- Oransje område (Villakssenteret – Lærdalsøyri skule – Hanseskogen): Skulen
- Grønt område (Lærdalsøyri barnehage – LBO): Barnehagen
Kart over ryddeområder