Bli bøsseberar på NRK Tv-aksjonen 18.oktober!
Kvart andre sekund må eit menneske flykta grunna krig og konflikt. Årets TV-aksjon er 18. oktober og er i år tildelt NRC Flyktninghjelpen, som skal gje menneske på flukt ein trygg heim og håp for fremtida.
Me treng omlag 35 bøsseberarar i den langstrakte bygdi vår, søndag 18.oktober frå klokka 16:00. Du kan sjølv vera med å bestemma ruta du skal gå.
Meld deg som bøsseberar på telefon 57641200, post@laerdal.kommune.no, eller ved aksjonsportalen www.blimed.no.