Me oppmodar alle om å ta turen innom denne veka og låna med seg det de kan. Dette vil hjelpa oss i flytteprosessen, samstundes som bøker og materiale kjem til nytte hjå brukarane våre i perioden me held stengt.
Opningstider denne veka
Tysdag: kl. 10.00–16.00
Onsdag: kl. 15.00–19.00
Torsdag: kl. 10.00–16.00
Bibliotek i kulturhuset frå 15. juni
Biblioteket opnar att i Lærdal kulturhus måndag 15. juni. I fyrste fase vil det vera eit avgrensa tilbod, før lokalet blir tilpassa nytt bibliotek i løpet hausten 2026. Det nye biblioteket tek sikte på å vera klart før jul 2026.
Sommarope bibliotek
Når me fyrst har flytta bort på kulturhuset held me også ope heile sommaren saman med turistinformasjonen og Sogn kunstsenter.
Opningstider i sommar:
Måndag til fredag: kl. 10.00–15.00 (15. juni–15. august)
Frå hausten kjem nye opningstider. Desse blir kunngjorde i august.
Me ser fram til å ønskje både nye og kjende lånarar velkomne til biblioteket i nye lokale i kulturhuset!
Lærdal folkebibliotek