Audun og Janne får mat av 9.klasse - Klikk for stort bilete Audun og Janne får mat av 9.klasse

Besøk på Lærdalsøyri skule

I slutten av april var ordførar og varaordførar så heldige å få invitasjon til å smaka på god mat og kake som 9. klasse hadde laga til oss. 

Bilde av smørbrød med ulikt pålegg - Klikk for stort bileteNydelege påsmørte smørbrød

Her fekk me sjå på godt samarbeid, flott servering og ikkje minst få lov til å ete god mat! Nokre av elevane var og med på kokkekonkurranse for 9. trinn i Sogndal i april, der ei gruppe vann prisen for beste samarbeid, flott innsats! 

Gode matvanar er viktig når dei unge etter kvart flyttar for seg sjølv, så dette lovar bra. 

 

Me takkar så mykje for invitasjonen, og kjem gjerne på besøk fleire gonger (ordføraren er glad i god mat).

 

Audun og Janne 

 

Pent dekka bord med ulike smørbrød - Klikk for stort biletePent dekka bord med ulike smørbrød