Badebrygge i Lærdal opnar i dag!

I dag har Lærdal kommune sjøsett ny badebrygge på badeplassen. 

Dette er ein del av prosjektet med tilrettelegging for barn og unge i Lærdal og sentrumsutvikling. Me håpar at dette vert teke godt imot og mykje aktivitet på badeplassen framover.

Det er greve ut under brygga slik at det skal vera trygt å hoppa. Sjekk forholda før de hoppar sidan dette endrar seg med flo og fjøra. Pass også godt på mindre ungar sidan det no ikkje er like grunt i heile badelaguna lenger.

Minner om at de finn redningsbøya oppe på kanten av badeplassen.

Takk til Einemo AS som tok oppdraget på strak arm!

Marie og Oline har allereie testa ut og godkjent badebrygga!

Ta badebrygga i bruk og kos dykk!