Årets viktigaste gåtur!

Tv- aksjonen 2026 går av stabelen søndag 18.oktober, og er i år tildelt NRK Flyktninghjelpen. Me treng 35 bøsseberarar til å fylla alle rodene. Du kan sjølv velja roden du vil gå. 
 

Kvart andre sekund må eit menneske flykta på grunna krig og konflikter. Årets TV-aksjon er 18. oktober og er i år tildelt NRC Flyktninghjelpen, som skal gi menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.

Kommunekomitèen treng 35 bøsseberarar til å fylla alle rodene. Du kan sjølv velja roden du vil gå. Teljesentral er i Sogn Sparebank der bøssa vert telt opp og det vert servert kaffi og kake. 

Meld deg som bøsseberar til post@laerdal.kommune  eller registrer deg i aksjonsportalen.

Renate Fossen og Katarina Bøhn
aksjonskomitèen
 

Kontaktkort

Renate Fossen
Fagleiar arkiv
Telefon 90 62 09 75