Årets utstillingar i Sogn kunstsenter

To nye utstillingar står klare når Sogn kunstsenter opnar dørene for sommaren 19. juni. Her møter publikum både kjende verk av Hans Gjesme og aktuelle stemmer frå regionale samtidskunstnarar.

Sogn kunstsenter

 

Sogn kunstsenter inviterer til sesongopning med to spennande utstillingar som viser både kunsthistorie og samtid. Opninga finn stad fredag 19. juni kl. 17.00, og laurdag 20. juni kl. 11.00 vert det arrangert kunstnarsamtale.

Hans Gjesme – Høgdepunkt


I utstillinga «Hans Gjesme – Høgdepunkt» får publikum eit breitt innblikk i det lange og innhaldsrike kunstnarskapet til Lærdalskunstnaren Hans Gjesme (1904–1993). Utstillinga viser eit utval verk frå heile perioden han var aktiv.


 

Hans Gjesme sitt måleri av Tønjum kyrkje - Klikk for stort bilete Jens Hauge

Gjesme arbeidde hovudsakleg med måleri og teikning, og skildra mellom anna landskap, byliv, portrett og menneske i arbeid. Motiva er ofte henta frå Lærdal og Oslo, men også frå reiser til Paris og Røros.


Utstillinga løfter fram nokre av dei mest representative verka frå eit kunstnarskap som strekte seg over meir enn 70 år.  Dei som ynskjer å sjå Gjesme sine kjende lærdalsmotiv, bør ta turen innom kunstsenteret i sommar.

 

 

«Der me er» – samtidskunst frå regionen


Den andre utstillinga, «Der me er», er ei gruppeutstilling presentert av Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane (KISF). Her får publikum møte sju kunstnarar med tilknyting til regionen, som på ulike måtar utforskar kva det vil seie å vere «her» i ei tid prega av rørsle og endring. Utstillinga er kuratert av Inger Eri.

Eli Mai Huang Nesse
Jens Hauge
Maria Brinch møter Knut Rumohr
Marius Moldvær
Nils Olav Bøe
Sigrid Voll Bøyum
Øystein Klakegg

 

Stillbilete frå filmen «Nærme» (2025) av Eli Mai Huang Nesse. - Klikk for stort bileteStillbilete frå filmen «Nærme» (2025) av Eli Mai Huang Nesse. Eli Mai Huang Nesse

Utstillinga rommar eit breitt spekter av uttrykk og tematikkar, utan eitt felles motiv, men med eit underliggande fokus på samtid og tilhøyrsle. Ho tek òg opp spørsmål om korleis kunsten kan nå ut til folk i kvardagen, og korleis offentlege rom kan fungere som møteplassar for kunst i distrikta. 

 

 

 


Opning og arrangement


Sommarutstillingane opnar fredag 19. juni kl. 17.00, og markerer starten på sommarsesongen i kunstsenteret. Sesongopninga markerer òg oppstart opningstider gjennom sommaren. Utstillingane er opne kvar dag frå kl. 10.00 - 18.00 fram til 15. august. Billettar kan kjøpast i turistinformasjonen/billettdisk i lokalet. 

 

Les meir om utstillingane på Musea i Sogn og fjordane sine nettsider.


Laurdag 20. juni kl. 11.00 vert det arrangert kunstnarsamtale, der publikum får høve til å møte kunstnarar Nils Olav Bøe og Maria Brinch i samtale med Aud Marit Skarrebo Holmen. Gratis inngang.

 

Utstillingsopninga og kunstnarsamtalen er open for alle. 

Kontaktkort

Guro Nesse
Biblioteksjef/rådgjevar kultur
E-post
Telefon 95 89 49 53