I 2025 vart det av Regjeringa, sett ned eit forum med deltakarar frå ulike sektorar. Samarbeidsforumet har som mandat å arbeida med førebygging og reduksjon av dyrepåkøyrsler. Vår eigen viltforvaltar, Knut Fredrik Øi, representerer kommunane i Norge i dette arbeidet.
Slik reglane er i dag, har kommunen ansvar for ettersøk av påkøyrde hjortedyr og anna vilt, og arbeidet blir finansiert gjennom viltfondet. Dette medfører betydelege økonomiske kostnader for kommunen.
På grunn av det høge talet på dyrepåkøyrsler kvart år opplever kommunen at kostnadene ofte overstig inntektene til viltfondet. Dette fører til at det i liten grad er midlar att til andre viktige vilttiltak.
Påkøyrt hjort
Privat
Landbruksdirektoratet har fått i oppdrag, i samarbeid med andre aktørar, å utarbeide ein samfunnsøkonomisk analyse av dyrepåkøyrsler. Målet er å identifisere tiltak som kan bidra til å førebyggje dyrepåkøyrsler, og å kome med innspel til alternative løysingar for finansiering av det kommunale ettersøksarbeidet.
Som resultat av dette arbeidet er det utarbeidd to nyttige rapportar:
Samfunnsøkonomisk analyse av dyrepåkjørsler
Alternative løsninger for finansiering av kommunalt ettersøksarbeid
Utgreiingane blei gjennomførte i perioden januar–juni 2026 og skal følgjast opp i Samarbeidsforum for førebygging og reduksjon av dyrepåkøyrsler.
Landbruksdirektoratet har òg opna for at kommunane kan kome med innspel innan 1. september til det vidare arbeidet i samarbeidsforumet. Dette gir kommunane ei moglegheit til å spele inn erfaringar og synspunkt på mellom anna finansiering av det kommunale ettersøksarbeidet, interkommunalt samarbeid og tiltak som kan bidra til å førebyggje dyrepåkøyrsler framover.