18 tilsette har fått opplæring i viktig fagfelt

Målet med opplæringa har vore å vidareutvikla kompetanse hjå tilsette ved Lærdal bu- og omsorgsheim innan lindrande behandling og omsorg ved livets slutt.

Nokre av dei tilsette som har teke opplæringa - Klikk for stort bildeNokre av dei tilsette som har teke opplæringa Ole Ramshus Sælthun

Seks sjukepleiarar, ein vernepleiarstudent, åtte hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, ein helsefagarbeidar under utdanning og to assistentar ved Lærdal bu- og omsorgsheim har delteke i opplæringspakka, som er utvikla av Høgskolen i Innlandet på oppdrag av Helsedirektoratet.

Kurset har vore inndelt i fire emne:

  • Lindrande behandling og omsorg / Den profesjonelle omsorgsutøvaren
  • Diagnosar, symptom og symptomlindring
  • Pårørande til pasientar som mottek lindrande behandling og omsorg
  • Lindrande behandling og omsorg til døyande pasientar

Kurset har blitt gjennomført på arbeidsplassen. Deltakarar har vore inndelt i tre grupper. Kreftkoordinator Linda Mannes har vore mentor og leia gruppesamlingane. Dei starta opp i desember og avslutta medio april. Gjennomføring av eit emne har eit arbeidsomfang på gjennomsnitt ti timar per emne. Gruppesamling har vore 2 timar. Alle deltakarar har vore engasjerte og reflektert over tema i samlingane.

I midten av juni var det overrekking av kursbevis på Lærdal bu- og omsorgsheim.