Lærdalstunnelen
Ole Ramshus Sælthun
- Kontrakten er signert med arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk & Stol, og om eit par veker startar arbeidet med klargjering for oppstart i områda rundt tunnelen, seier prosjektleiar Susanne Svardal på Statens vegvesen si nettside.
Måndag den 16. november kl. 18.00 startar den første 12-timars stenginga, og slik vil det halde fram dei neste to åra.
Klokkeslett for stenging vil bli handheva strengt, slik at det vil vera nyttelaust å kome for seint når nattestenginga trer i kraft, påpeikar Statens Vegvesen.
For lokale bebuarar i Aurland og Lærdal blir det eit busstilbod med tre avgangar på kveldstid frå begge sider av tunnelen før midnatt. Elles skal det vere mogleg å få fram utrykkingskøyretøy gjennom tunnelen på kort varsel når det står om liv og helse.
Natt til søndag er tunnelen open for trafikk, som i praksis tyder at tunnelen er open frå laurdag morgon klokka 6 til søndag ettermiddag klokka 18. Les meir i artikkelen Statens Vegvesen har på si nettside.