Har du vassmålar må du lesa den av innan nyttår

Adresser med vassmålar og som har registrert telefonnummer skal ha fått ein SMS om avlesing.

Illustrasjonsfoto av drikkevatn - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto av drikkevatn

Det er om lag 80 adresser med vassmålarar i Lærdal kommune - desse skal ha fått informasjon om avlesing av på SMS viss telefonnummer er registrert, eventuelt på e-post og til nokre kjem informasjonen per brev.

Dersom du framleis lurer på noko om avlesing av vassmålar ligg det meir informasjon om dette på denne sida, klikk her for å lesa meir.

Dette gjeld berre dei som har vassmålarar, ikkje andre.