Kollektivtransport

Det går relativt mange bussruter mellom Lærdal og nabobygdene, samt til og frå Oslo og Bergen.

I tillegg til lokale, regionale og ekspressbussruter er det ferjesamband mellom Fodnes i Lærdal kommune og Mannheller i Sogndal kommune. På dagtid går ferjene kvart 20.minutt - frå sein kveld til tidleg morgon er det avgangar ein gong i timen.

Ein enkel måte å finna alternativ for kolletivtransport dit du skal er å nytta søkjefunksjonen på nettside entur.no, som du kjem til ved å klikka på denne lenkja.

Lokal bussrute frå dør til dør - serviceskyss

I tillegg har Skyss eit lokalt busstilbod som heiter Serviceskyss. Denne ruta går frå Mo via Moldasida og til Lærdalsøyri med retur seinare på dagen ein gong i veka. Ein blir henta heime, så skyssen går frå dør til dør - det er altså eit tilbod spesielt for dei som ikkje har førarkort/bil.

Ruta går måndagar med avgang frå Mo klokka 10.15 og retur frå Lærdalsøyri klokka 13.00. Alle som skal vera med serviceskyssruta må bestilla på førehand. Pris pr. 01.01.2026 er 31 kr pr veg. Bestill på telefon 468 91 580 innan kl. 14.00 fredagen før du skal vera med. Les meir om Serviceskyssen ved å klikka på denne lenkja