1. Bestilla oppstartsmøte og senda inn planinitiativ
Ein fagkyndig plankonsulent sender på vegner av forslagstillar (privat grunneigar eller tiltakshavar/utbyggjar) inn eit planinitiativ, og bestiller oppstartsmøte. Du kan eventuelt bestille eit rettleiingsmøte for å avklare føresetnadene for planarbeidet før oppstartsmøtet.
2. Vurdere planinitiativet
Kommunen vurderer om vi skal anbefale planinitiativet eller stoppe det. Det kan òg være at vi heller anbefaler deg å ha eit rettleiingsmøte før oppstartsmøtet. Dersom planinitiativet blir stoppa, kan du som er forslagstillar krevje at dette blir lagt fram til politisk behandling.
3. Gjennomføra oppstartsmøtet
I oppstartsmøtet går vi gjennom alle tema som er naudsynte for å klargjøre føresetnadene for planarbeidet og utforminga av det endelege planforslaget. Vi tar stilling til om du kan starte opp planarbeidet eller ikkje, og om det er krav til konsekvensutreiing.
4. Kunngjera og varsla planoppstart
Du som er forslagstillar/plankonsulent varslar planoppstart i ei avis som blir lest her i Lærdal, og sender brev til grunneigarar, naboar og berørte offentlege og private instansar. Vi i kommunen kunngjer planoppstarten på høyringssida vår. Alle kan så kome med innspel til planarbeidet, som du som er privat forslagstillar må vurdere korleis du skal ta omsyn til i planforslaget.
5. Laga planforslaget og ha arbeidsmøte
Fagkyndig plankonsulent lagar på vegner av forslagstillaren eit planforslag. Vi anbefaler at konsulenten har god dialog med oss i kommunen, gjerne i form av arbeidsmøte(r).
6. Levera planforslaget første gong
Når forslaget til reguleringsplan er laga ferdig, sender fagkyndig plankonsulent det til oss. Dette skal bestå av oversendingsbrev, plankart, planføresegner, planomtale, risiko- og sårbarheitsanalyse, aktuelle fagrapportar, illustrasjonsmateriell med meir. Innspela som kom ved planoppstart, skal også følgje planforslaget. Planomtalen skal gjera greie for korleis desse innspela er vurderte og følgt opp i forslaget.
7. Betala plangebyret
Før vi behandlar planforslaget, sender vi faktura til forslagstillaren. Plangebyret reknar vi ut frå betalingssatsane som gjeld på det tidspunktet vi får eit fullstendig planforslag.
8. Behandle planforslaget - tolv veker (førstegongsbehandling)
Vi vurderer innhaldet i planforslaget og om det kan bli lagt ut til offentleg ettersyn eller ikkje. Dersom det er manglar, sender vi det tilbake til fagkyndig plankonsulent slik at han kan rette det. Om planforslaget er fullstendig, lagar vi framlegg til sak til Utval for samfunnsutvikling, berekraft og teknikk (politisk utval). Utvalet behandlar saka, og vedtar om planforslaget skal bli lagt ut til offentleg ettersyn eller ikkje. Vedtaket kan innehalde krav om å rette planmaterialet før det blir lagt ut til ettersyn.
9. Høyring og offentleg ettersyn - minimum seks veker
Vi sender planforslaget på høyring og legg det ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker. Det blir sett lenger frist om høyringa er i høgtider eller i sommarferien. Planforslaget blir nå tilgjengeleg på høyringssida vår. Vi varslar om offentleg ettersyn i lokalavisa. Berørte naboar, grunneigarar og offentlege og private instansar varslar vi med brev. Alle kan kome med uttalar til reguleringsplanforslaget.
10. Bearbeide planforslaget
Når høyringsfristen er ute, må fagkyndig plankonsulent gjera greie for korleis dei mottekne uttalane er vurderte og korleis dei er følgde opp i forslaget, og sende dette til oss. Vi kan gjerne ha eit merknadsmøte der kommunen og plankonsulenten ser på uttalane saman.
Om det er såkalla innsigelsar frå regionale og statlege styresmakter, vil vi også måtte avklare korleis vi skal handsame desse. Dette kan innebere at vi involverer både den politiske leiinga i kommunen og den styresmakta som har fremja innsigelsen.
11. Behandle saka administrativt - tolv veker (andregongsbehandling)
Fagkyndig plankonsulent sender over endra planforslag til kommunen slik at vi kan behandle det. Arealplanavdelingen vurderer og tar endelig stilling til det reviderte planforslaget. Saksbehandlar lagar framlegg der rådmannen sine vurderingar og konklusjonar framgår. Saka gjer vi tilgjengeleg via den politiske møteplanen på nettsidene våre seinast ei veke før møtet. Det er Utval for miljø og samfunnsutvikling som handsamar saka.
12. Behandle saka politisk og gjere vedtak – tolv veker
Plansaka blir behandla i Utval for miljø og samfunnsutvikling som innstiller til kommunestyret. Kommunestyret vedtek forslaget til reguleringsplan, eller dei kan eventuelt bestemme seg for å ikkje å vedta planforslaget. Reguleringsplanen kan også bli vedtatt med endringar i plankartet og bestemmelsene.
13. Kunngjera vedtaket
Vi kunngjer vedtaket på nettsidene våre og i lokalavisa, og sender brev til dei berørte partane. Om politikarane har vedteke planen med endringar, må plankonsulenten revidere planmaterialet, før vi annonserer vedtaket. Du finn kunngjorte vedtak på høyringssida vårv.
14. Behandle eventuell klage
Berørte partar kan klage på reguleringsplanvedtaket. Klagen må ein senda til kommunen, som vurderer om den inneheld moment som har betydd noko for vedtaket. Klagesaka legg vi fram for behandling i Utval for samfunnsutvikling, berekraft og teknikk. Utvalet beslutter om dei vil ta klagen heilt eller delvis til fylgje, eller om den ikkje blir teken til fylgje