Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er kommunen sitt verkty for å styre utviklinga av eit område på. Korleis skal vi bu? Kvar skal vi ha parkar og leikeområde? Kvar skal det vere næringsområde?

Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Planen avgjer korleis du kan nytte området og kva du kan bygge der. Den består av eit kart med reguleringsføresegner, planbeskriving, risiko- og sårbarheitsanalyse og andre fagutgreiingar og illustrasjonar som er naudsynte for den enkelte plan.

Føresegnene seier kva du kan gjere og ikkje på ein eigedom. Dei gir informasjon om kva formål eigedomen har, til dømes bustad, friluftsområde eller veg, og kor høgt og stort du kan bygge. Dersom du planlegg å byggje, rive eller grave, må du undersøkje kva for ein reguleringsplan som gjeld for eigedomen din eller om det er kommuneplanen sin arealdel.

Sjå kva plan som gjeld for eigedomen din

Ulike typar reguleringsplanar 

Artikkelliste