Kva for planar gjeld for eigedomen min?
Før du byrjar må du undersøkje kva for planar som gjeld for eigedomen din.
- Gjennom kommuneplanen sin arealdel vil det vere sett rammer for utnyttinga av din eigedom. I tillegg kan eigedomen vere omfatta av reguleringsplanar som også kan sette avgrensingar.
- Reguleringsplanar kan ha føresegner som er strengare enn dei generelle reglane. Kor mykje du kan byggje på eigedomen din avheng av kva planane tillèt av utnytting og kor mykje som er bygd på eigedomen frå før.
Kva skal du byggje?
Nokre tiltak kan du søkje kommunen om sjølv, andre tiltak må du ha hjelp av fagfolk til å søkje om. Enkelte tiltak er unnateke søknadsplikt. Her har vi lista opp ei rekkje tiltak med utdjuping om det er søknadspliktig eller ikkje.
På Direktoratet for byggkvalitet finn du gode rettleiingar.
Har du tenkt å rive eit bygg gjeld dei same reglane som for oppføring av bygg. I tillegg må det utarbeidast ein avfallsplan og miljøsaneringsbeskriving dersom tiltaket er over 100 kvadratmeter.
Enkelte tiltak krev at det blir søkt om dispensasjon.
Les meir om dispensasjon her.
Trenger du rettleiing?
Før du startar ein byggjesøknad kan du avtala eit møte eller førehandskonferanse med byggjesakshandsamar, sjå kontaktinfo under.