Om våren og sommaren blir det gjerne tørt. Da aukar faren for skog- og lyngbrann. I Noreg er det difor eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp bål og grill (også engangsgrill) i eller i nærleiken av skog.
I perioden med generelt bålforbod er det lov til å grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov til å grille på tilrettelagde grill- og bålplassar . Du kan grille i din eigen hage, sjølv om det er generelt bålforbod.
Brenning av de fleste typar avfall er ulovleg i henhold til forureiningslova. Avfall skal leverast på ein miljøstasjon.
På Simas si nettside finn du informasjon om miljøstasjonen i kommunen
- Vis omsyn til skogbrannfare og vindtilhøve.
- Det er alltid den som brenner bål som har ansvaret for branntryggleiken.
- Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
- Bålet må være i god avstand frå bebuing og vegetasjon, som gress, planter og skog.
- Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.
- Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan slokke ved behov.
- Ha eigna slokkemiddel lett tilgjengeleg, som vatn, pulverapparat, skumapparat eller CO2-apparat.
- Det er forbode å brenne plast, byggematerialar og anna søppel.
- Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt slokt.
Normalt vert det gitt lov til å brenne Sankthansbål, føresett at det er på eigna stad i nærleiken av vatn e.l. Brannvesenet kan svare på dette dersom du er i tvil.
Ta kontakt med brannvesenet for å varsla om brenning i samsvar med lokal forskrift før du startar.