UngdomsklubbLærdal kommunale ungdomsklubb, Kosen, er open for ungdom i alderen 13-18 år. Klubben har som oppgåve å legge til rette for ulike sosiale aktivitetar for ungdom i fritida. Vaksne skal vere tilstades for ungdommane og det skal vere ein sosial møteplass med gode og positive opplevingar. Me ynskjer å legge til rette for utvikling og kreativitet.På klubben har me aktivitetar som biljard, bordtennis, ulike spel, TV spel osb. Det har alltid vore kjøken der ungdommane sjølve har sal av pizza, brus og noko snop.Eigne ordensreglar er hengt opp rundt i lokalet, og lagt ut på Kosen si eiga Facebookside JuniorklubbHer ynskjer me alle 7.klassingar velkomne til juniorklubb kvar torsdag frå 16.30-18.30 (oppstart etter haustferien veke 42)Her kan elevane driva med ulike aktivitetar og vera i lag.Velkommen!OpningstiderTysdag 18.30 - 21.30Torsdag 16.30 - 18.30 (juniorklubb)Torsdag 18.30 - 21.30PrisDrop in 25 kr (Juniorklubb er gratis)Årskort: 400 krEigenandel for skyss har stige til 30krKosenbussenDet er sett opp skyss til BorgundPris: 20 krAvgang frå ungdomsklubben tysdag og torsdag kl. 21.30