Kosen ungdomsklubb - Klikk for stort bilete Kosen ungdomsklubb Ole Ramshus Sælthun

Ungdomsklubb

Lærdal kommunale ungdomsklubb, Kosen, er open for ungdom i alderen 13-18 år. 

Klubben har som oppgåve å legge til rette for ulike sosiale aktivitetar for ungdom i fritida. Vaksne skal vere tilstades for ungdommane og det skal vere ein sosial møteplass med gode og positive opplevingar. Me ynskjer å legge til rette for utvikling og kreativitet.

På klubben har me aktivitetar som biljard, bordtennis, ulike spel, TV spel osb. Det har alltid vore kjøken der ungdommane sjølve har sal av pizza, brus og noko snop.

Eigne ordensreglar er hengt opp rundt i lokalet, og lagt ut på Kosen si eiga Facebookside 

Juniorklubb

Her ynskjer me alle 7.klassingar velkomne til juniorklubb kvar torsdag frå 16.30-18.30.

Her kan elevane driva med ulike aktivitetar og vera i lag.

Velkommen!

Opningstider

Tysdag 18.30 - 21.30

Torsdag 16.30 - 18.30 (juniorklubb)

Torsdag 18.30 - 21.30

Pris

  • Drop in 20 kr (Juniorklubb er gratis)

Årskort:

  • 300 for dei som må ha skyss
  • 400 for dei som ikkje treng skyss

Kosenbussen

Det er sett opp skyss til Borgund

Pris: 20 kr

Avgang frå ungdomsklubben tysdag og torsdag kl. 21.30

Kontaktkort

Lise Cirotzki Einemo
Ungdomsklubbleiar
E-post