Permisjon frå pliktig undervisning

Du kan søkja om permisjon frå undervisning i opptil 10 dagar per skuleår. Her finn du informasjon om kva du må ta omsyn til og korleis du søkjer.

Retningslinene kort oppsummert

Elevar i grunnskulane i Lærdal kan innvilgast permisjon inntil 10 skuledagar per skuleår. Dei 10 skuledagane kan fordelast over fleire permisjonar. Føresetnaden er at eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg.

Det er ingen rett til å få permisjon frå undervisninga, og alle søknadar blir vurdert individuelt.

Elevar frå andre trusamfunn enn Den norske kyrkja har rett til permisjon dei dagane trusamfunnet har høgtidsdag.

Skulen kan innvilga ytterlegare permisjon utover dei ti dagane ved:

  • ved viktige samkome i nær familie (dåp/namnefest, konfirmasjon, bryllaup og liknande).
  • ved familiehendingar av særleg sorgprega karakter, til dømes dødsfall eller gravferd. Dette gjeld også på dagar der det vert gjennomført prøvar eller førebuing til prøvar.
  • når eleven er teken ut til å delta på idrettsstemne eller kulturelle konkurransar. Det skal til vanleg ikkje gjevast permisjon til treningssamlingar eller liknande.
  • ved deltaking i politisk og/eller friviljug organisasjonsarbeid.

Foreldra må syta for at eleven får tilstrekkeleg opplæring slik at eleven kan følgja med i opplæringa på skulen etter at permisjonstida er ute.

Når vert det ikkje gitt permisjon?

Det vert som hovudregel ikkje innvilga permisjon i periodar der det vert gjennomført statlege kartleggingsprøvar, nasjonale prøvar, avgjerande vurderingssituasjonar på ungdomssteget, prøveeksamen og eksamenar.

Sjå heile forskrifta om permisjon frå obligatorisk undervisning i grunnskulen.

Slik søkjer du

Det er ingen søknadsfrist, men husk å søkje i god tid før du ønskjer permisjon, sidan behandlingstida kan variere.

Søk permisjon frå obligatorisk undervisning

Du vil få svar på søknaden i di digitale postkasse eller som brev innan 10 dagar.

Har du spørsmål?

Om du har spørsmål om permisjon frå undervisninga, ta kontakt med rektor.

Kontaktkort

Magne Klepp
Rektor Lærdalsøyri skule
E.
Linda Maristuen
Rektor Borgund skule
E.