Flyt foresatt-appen

Frå skuleåret 26/27 går skulane i Lærdal over til å bruka ein ny app. Flyt foresatt- appen er ei teneste for å betra dialogen mellom heim og skule. 

Slik kjem du i gang

Ei kort rettleiing for føresette

 

Kva er Flyt Foresatt?

Flyt Foresatt er ein ny app for føresette.

I appen kan du:

  • sjå og senda meldingar til skulen
  • melda frå om at barnet ditt er borte frå skulen
  • sjå planen for SFO
  • sjå viktig informasjon om barnet ditt

Du finn alle barna dine i same app, også dersom dei går på ulike skular.

I dag er appen tilgjengeleg for skule og SFO.

 

1. Last ned appen

Last ned appen på telefonen din.

Søk etter Flyt Foresatt i:

  • App Store (iPhone)
  • Google Play (Android)

Appen er gratis.

Hugs: Det finst fleire appar med liknande namn. Vel appen som heiter Flyt Foresatt og er utvikla av Visma.

 

2. Logg inn

Du loggar inn med ID-porten.

Dette er same innloggingsløysinga som blir brukt for offentlege tenester, til dømes Skatteetaten og Helsenorge.

Slik gjer du:

  1. Opna appen.
  2. Trykk på «Logg inn med ID-porten».
  3. Vel innloggingsmetode (dei fleste brukar BankID).
  4. Skriv inn fødselsnummer og passord.
  5. Godkjenn innlogginga på mobil eller med brikke.

Du treng berre å logga inn éin gong. Etter det hugsar appen deg.

 

3. Slå på varsel

Varsel er meldingar som dukkar opp på telefonen når skulen sender ny informasjon.

Første gong du opnar appen:

  1. Appen spør om han kan senda varsel.
  2. Trykk «Tillat» eller «Ja».

Då får du beskjed med ein gong det kjem nye meldingar.

Vil du ha færre varsel?

Gå til Innstillingar i appen. Der kan du sjølv velja kva du vil få varsel om.

 

4. Kva kan du gjera i appen?

Lesa meldingar

Du kan sjå alle meldingar frå skulen og svara på meldingar du får.

Melda fråvær

Du kan melda frå dersom barnet ditt er sjukt eller ikkje kan møta på skulen. Du kan også melda fråvær for fleire barn.

Sjå SFO

Du kan sjå planen for kva dagar barnet skal vera på SFO. Du kan òg senda melding til dei tilsette på SFO.

Byta mellom barn

Har du fleire barn?

Trykk på namnet øvst i appen og vel det barnet du ønskjer å sjå informasjon om.

 

5. Er appen trygg?

Ja. Appen er utvikla av Visma.

Berre du og tilsette som har tilgang til opplysningane om barnet ditt, kan sjå meldingane. Du loggar inn med BankID eller annan trygg innloggingsmetode gjennom ID-porten.

Du finn kommunen si personvernerklæring i appen:

Innstillingar → Personvern

 

6. Dersom appen ikkje verkar

Prøv dette først:

  1. Lukk appen heilt.
  2. Opna appen på nytt.
  3. Kontroller at telefonen har nettilgang.
  4. Sjekk Tenestestatus i appen.
  5. Avinstaller appen og installer han på nytt.

Tenestestatus viser om Visma har tekniske problem akkurat no. Dersom statusen er gul eller raud, kan du venta litt og prøva igjen seinare.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med skulen dersom du treng hjelp. Send melding eller ring på vanleg måte.

Me hjelper deg gjerne med å koma i gang med Flyt Foresatt.

Kontaktkort

Camilla Grøttebø
Kommunalsjef oppvekst og utdanning
Telefon 99 37 66 31