Det er pr. no gratis SFO for 1. og 2.klassingar og gratis deltids-SFO for 3.klassingar. Klikk på denne lenkja for å sjå prisane elles.
Vidare er det informasjon om mellom anna opningstider og opptakskriterium i SFO-vedtektene:
Forskrift om skulefritidsordning (SFO), Lærdal kommune, Vestland
§ 1 Grunnlag for vedtektene
Vedtektene for skulefritidsordninga (SFO) er tufta på opplæringslova § 4-5, opplæringslova kapittel 12, særavtale SFS 2201 og nasjonal rammeplan for SFO gjeldande frå 1. august 2021.
§ 2 Om skulefritidsordninga
SFO er eit tilbod før og etter skuletid for barn på 1.–4.trinn og for barn med særskilde behov på 1.–7. trinn. SFO skal vera ein trygg opphaldsplass der dei tilsette skal gje barna omsorg og tilsyn, leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og vera tilpassa behova til barna og dei føresette. Det skal leggjast vekt på eit godt samarbeid mellom heim, skule og nærmiljø.
Innhaldet og organiseringa av skulefritidstilbodet skal vera i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande nasjonale reglar og planar som gjeld for Lærdal kommune. Kapittel 12 i opplæringslova gjeld også for SFO, jf. opplæringslova § 12-1. Etter § 12-2 har alle elevar rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.
Opplæringslova § 10-4 regulerer skuledemokratiet. Der heiter det mellom anna at skulen skal syta for at elevane og foreldre skal få vera med i planlegginga av blant anna skulemiljøet. Dette gjeld også for skulefritidsordninga.
Barna har rett til å seia meininga si og verta høyrde i saker som vedkjem dei, jf. barnekonvensjonen artikkel 12.
§ 3 Eigarskap
Lærdal kommune eig og er ansvarleg for drifta av SFO i kommunen. Kommunedirektøren er forvaltingsorganet for SFO i Lærdal kommune.
§ 4 Leiing og bemanning
Skulefritidsordningane er administrativt knytte til Lærdalsøyri skule og Borgund oppvekstsenter. Det er rektor som er tillagt det daglege pedagogiske og administrative ansvaret for SFO. Det er 8 % stilling til SFO administrasjon + 0,25 % frå det 21. barnet når talet overstig 20.
- SFO koordinator bør vera pedagog, men det kan opnast opp for andre søkjarar med relevant bakgrunn.
- Grunnbemanninga skal som utgangspunkt vera ein vaksen per 12 barn. Her kan ein i
kortare periodar vera inntil 15 barn pr. vaksen.
- Barn med særskilde behov kan etter sakkunnig vurdering og andre tilhøve tilførast eigne ressursar.
- Dei tilsette må sikrast tid til planlegging og samarbeidstid med andre tilsette og SFO-koordinator.
§ 5 Opptaksmyndigheit og klagerett
Søknadsfrist for plass i SFO er 1. februar. Søknad skal sendast i Visma Flyt skole. Føresette treng ikkje søka kvart år. SFO-koordinator og skuleleiing handsamar opptak. Avslag eller innvilga plass i SFO er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 og kan klagast på etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.
Klagen må vera skriftleg og skal sendast til kommunen. I klagen må det visast til kva avgjerd det vert klaga på, og klagen skal grunngjevast. Klagefristen er tre veker. Ved klage er kommunedirektøren underinstans, og klagenemnda i kommunen, formannskapet, er klageinstans.
§ 6 Opptakskriterium
I utgangspunktet skal SFO gje plass til alle barn som ynskjer å delta i ordninga. Dersom dette skulle visa seg praktisk vanskeleg – til dømes av plassomsyn – vert opptak gjort etter desse prioriteringane:
1. barn med særskilde behov på 1.-7. trinn ut frå faglege vurderingar
2. barn på 1. trinn
3. yngre barn går føre eldre barn
Barn med særskilde behov har ikkje automatisk rett til individuell tilrettelagt opplæring i skulefritidsordninga, fordi skulefritidsordninga ikkje er ein del av grunnskuleopplæringa. I og med at det er ulike reglar som gjeld for grunnskuleopplæringa og for skulefritidsordninga, kan det vera at det einskilde barn si trong for tilsyn kan vera ulikt i undervisinga og i skulefritidsordninga.
§ 7 Opptaksperiode og oppseiing av plass ved SFO
Når barnet har fått tildelt SFO-plass, har barnet dette til og med 4. årstrinn – eventuelt til og med 7. årstrinn for barn med særskilde behov – eller til plassen vert skriftleg sagt opp.
Lærdal kommune tilbyr to ulike SFO-plassar: Tilbod 1 (før eller etter skuletid) og Tilbod 2 (heildagstilbod/full plass). Oppseiing / endring av plass i SFO skal gjerast med 1 månads varsel med verknad frå den 1. i påfølgande månad. Skriftleg oppseiing skal gjerast gjennom Visma Flyt Skole.
Ein må betala i oppseiingstida sjølv om plassen ikkje vert nytta. Ved endring av plass frå Tilbod 2 til Tilbod 1 gjeld oppseiingstida som for oppseiing. Ved endring frå Tilbod 1 til Tilbod 2 gjeld betaling frå avtala endringsdato.
Dersom det let seg gjera praktisk, er det også høve til å ta opp barn i ordninga undervegs i skuleåret.
Dersom plassen vert lite nytta og det er stor pågang, vil kommunen kunne seia opp plassen.
Det er eigne fristar for påmelding til skuleferiar. Dette vert administrert av den einskilde SFO. Påmelding til SFO i sommarferien skal skje innan 15.april.
§ 8 Foreldrebetaling
Betalingssatsane for SFO vert fastsett årleg av kommunestyret i samband med årsbudsjettet. Det vert betalt for opphald i 10 månader. Betalingsfrie månader er halve juni, heile juli og halve august. Det er eigne dagsatsar for kommunen sitt SFO-tilbod i skuleferiar, inneklemte dagar og i sommarferien.
Moderasjonar og tilbod om gratis SFO:
- Frå skuleåret 2024/25 får alle elevar på 1.trinn og 2.trinn gratis SFO, Tilbod 2, og alle elevar på 3.trinn 12 timar gratis SFO, Tilbod 1 (før eller etter skuletid) gjennom skuleåret. I feriar har 1.-3.klasse rett til to dagar gratis SFO pr. heil veke.
- Barn med særskilde behov på 5.-7. trinn skal ha gratis tilbod i SFO tida.
- Kommunen skal etter søknad gje reduksjon i foreldrebetalinga, slik at den per barn utgjer maksimalt 6 % av inntekta til hushaldinga, jf. nasjonal moderasjonsordning.
Kostpengar for SFO kjem i tillegg til gjeldande betalingssatsar. Satsane for kostpengar vert fastsett årleg av kommunestyret i samband med årsbudsjettet. Desse satsane gjeld også for barn som har fått innvilga redusert foreldrebetaling og for barn som har gratis SFO. Barn har med eigen matpakke for ettermiddagsøkta i SFO.
Det er bindande påmelding til SFO i feriane inkludert sommar-SFO.
Dersom barnet er vekke frå SFO-plassen sin ein månad eller meir grunna skade/sjukdom, kan ein få fritak frå første dag i etterfylgjande månad som barnet vert teke ut av SFO. Føresette må i slike tilfelle senda ein skriftleg søknad til skuleleiinga v/rektor om fritak for betaling for den perioden barnet er vekke og leggja ved legeerklæring.
Ved manglande betaling kan kommunen seia opp plassen med ein månads varsel dersom skuldig beløp ikkje er betalt innan tre veker etter andre purring, eller dersom det ikkje er inngått avtale med kommunen ved økonomiavdelinga om nedbetalingsplan.
Det vert fakturert gebyr dersom ein kjem for sein til henting – etter stenging.
§ 9 Leike- og opphaldsareal
Lærdalsøyri skule har eigen SFO-base i samband med småskulebygget. Borgund har oppvekstsenter med skule og barnehage som same eining. SFO har tilgang til gymsal, symjebasseng og stort uteområde på begge skular.
Generelle krav som vert stilt til leike- og opphaldsarealet er dei same som gjeld for skulen. Krava er dei som kjem fram av opplæringslova kapittel 12, folkehelselova, arbeidsmiljølova, forskrift om Miljøretta helsevern, plan- og bygningslova.
§ 10 Opphalds- og opningstid
SFO følgjer i utgangspunktet skuleåret. Opningstid 07.00-16.15.
SFO i skuleferiar
- Julaftan og nyårsaftan er skulefritidsordninga stengd. Onsdag før skjærtorsdag stenger skulefritidsordninga kl. 12. Skulefritidsordninga er stengt på planleggingsdagar for SFO-personalet.
- I feriar og på inneklemde dagar, er det påmelding til SFO. Ordninga med gratis heildagstilbod SFO per veke for 1. trinn og 2.trinn og gratis 12-timars tilbod til alle 3.klassingar gjev også tilbod to dagar gratis pr veke i skuleferiane. Desse dagane må avklarast på førehand gjennom påmeldingsskjema.
- Det er redusert opningstid i romjula: kl. 07.30-15.30. På Borgund oppvekstsenter har SFO reduserte opningstider i alle feriar med minimum opningstid: kl. 08.00-15.30. Administrasjonen får fullmakt til å justera sommarstenging av barnehage/SFO på Borgund, slik at desse harmoniserer når det er naudsynt.
- SFO held stengt frå veke 27-30.
- Eit SFO år er rekna frå veke 31 t.o.m. v.26
- Barn som til vanleg ikkje har SFO-plass, har høve til å kjøpa dagplass.
§ 11 Politiattest
Alle som vert tilsette i skulefritidsordninga må leggja fram politiattest, jf. opplæringslova § 17-11.
§ 12 Teieplikt og opplysningsplikt
Personalet ved SFO har teieplikt etter dei retningslinjene som gjeld i forvaltningslova § 13.
Opplæringslova § 24 – 3 andre ledd omfattar både ei opplysningsplikt på eige initiativ (meldeplikta) og ei plikt til å gje opplysningar etter pålegg frå barnevernstenesta.
§ 13 Forsikring
Barn i SFO er kollektivt ulukkesforsikra for den tida dei oppheld seg på skulen, på utflukter, reiser og liknande som er arrangert av skulen/SFO, og på direkte veg til og frå skulen/SFO.
§ 14 Skyss for elevar med nedsett funksjonsevne og mellombels skadde eller sjuke
Elevar som har plass i skulefritidsordninga, jf. opplæringslova § 4-1 fjerde ledd, og som på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom har rett til skyss til og frå skulefritidsordninga. Retten omfattar ikkje skyss i skuleferiane. Retten til skyss gjeld uavhengig av avstanden mellom heimen og skulefritidsordninga.
§ 15 Gyldigheit og endring
Forskrift om skulefritidsordning vert vedtekne av kommunestyret. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjere mindre endringar som følgjer av nasjonale lov- og forskriftsendringar og kommunale og sentrale vedtak. Administrative endringar av vedtektene vert sendt til kommunestyret for orientering.
§ 16 Iverksetjing
Forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.
Frå same tidspunkt vert gjeldande vedtekter for SFO frå 15.06.2023 som ikkje er kunngjort oppheva.