MyKid - kommunikasjon mellom heim og barnehage
I våre barnehagar brukar me appen MyKid for å halda kontakten med di føresette. Med MyKid samlar me på ein trygg og enkel måte all kommunikasjon og informasjon i ein kanal.
Kva bruker vi MyKid til?
MyKid blir brukt både av dei tilsette i barnehagen og foreldra.
Med MyKid kan vi mellom anna
- ha dialog mellom føresette og tilsette
- registrere frammøte, ferie og fråvær
- ha oversikt over sovelister
- sende ut påmelding til aktivitetar
- samle løyve knytt til det enkelte barnet
Last ned MyKid
Appen kan du laste ned frå App Store og Google Play.
Sist endret 20.06.2025 14:20