Søk om tilskot

Næring- og konsesjonsavgiftsfondet i Lærdal kommune skal primært nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i kommunen. 

Nærings- og konsesjonsavgiftsfondet blir årleg tilført midlar gjennom konsesjonsavgifta frå Østfold Energi. Desse midlane skal nyttast til næringsutvikling gjennom arbeid med næringsutvikling i kommunal regi eller tilskot til næringsdrivande. 

Søk om tilskot

Frå denne ordninga kan ein hovudsakleg søkja om tilskot til:

  • Bedriftsetablering
  • Vidareutvikling av bedrifta
  • Forstudie/forprosjekt
  • Investering
  • Kompetansehevande tiltak i bedrifta

Trykk på lenkja for å opna søknadsskjema, som kan lastast ned og fyllast ut: Søknadsskjema for næring- og konsesjonsavgiftsfondet (DOC, 102 kB)

Vedlegg til søknaden: Mal for forretningsplan (DOC, 165 kB)

Det kan vera lurt å lesa vedtektene for nærings- og konsesjonsavgiftsfondet når ein skal søkja om tilskot (PDF, 286 kB).

Saksgang ved søknad om tilskot

  • Alle som ynskjer å søkje om tilskot frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet vert oppmoda om å ta kontakt med næringsrådgjevar i kommunen for ein førehandskonferanse
  • Alle vert oppmoda om å nytta søknadsskjema som ligg tilgjengeleg på denne sida
  • Søknaden blir handsama av næringsrådgjavar og blir i hovudsak avgjort av formannskapet som er fondstyret. Enkelte saker kan handsamast innafor kommunedirektøren sin delegerte fullmakt. 
  • Ved tilsagn får søkjar tilsendt brev om vedtak, og det vert sendt ut eige tilskotsbrev med informasjon om vilkår for tilskotet, og skjema for aksept av vilkåra som gjeld for tilskotet. Skjema for aksept av vilkår skal fyllast ut og returnerast til kommunen før tilskotet kan effektuerast.
  • Ved avslag får søkjar tilsendt brev om vedtak med informasjon om klagefrist
  • Ved tildeling av tilskot frå kommunen gjeld i all hovudsak reglane for bagatellmessig støtte.

Artikkelliste

Kontaktkort

Trine Grøttebø
Kommunalsjef samfunn, kultur og næring
E.