Kven kan ta prøva?
Alle som ønskjer kan ta kunnskapsprøvane. Den som skal vere styrar eller stadfortredar på ein stad med sals- eller skjenkebevilling må ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år.
Kor tek du prøva?
Etablerarprøva må takast på Lærdal rådhus. Ta kontakt med servicetorget.
Besøksadresse
Øyraplassen 7
6887 Lærdal
Bestille time
Ring oss på telefon 57641200 for å bestille time.
Gjennomføring av prøvane
- Oppmøte på servicetorget på rådhuset til avtalt tidspunkt. Møt gjerne 15 minutt før prøva skal begynne.
- Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete.)
- Prøva kostar 400 kroner pr. gong. Du må betale med bankkort.
- Prøva er ein fleirvalsprøve på 60 minutt. Du må svare riktig på 24 av 30 spørsmål.
- Prøva er på norsk. Det er ikkje høve til å ha med seg tolk. Det er tillate å ha med seg ordbok.
Kva er pensum
- Pensum for salsbevilling: Kunnskap om alkohollova sine kapittel 1,3,7,8 og 9 og alkoholforskrifta sine kapittel 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.
- Pensum for skjenkebevilling: Kunnskap om alkohollova sine kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 og alkoholforskrifta sine kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, og 14.
Boka "Kunnskapsprøva i alkohollova" inneheld det du treng å vite før du gjennomfører kunnskapsprøva i alkohollova for salsbevilling og for skjenkebevilling. Boka "Kunnskapsprøva i alkohollova" kan du kjøpe på vinn.no.
Prøvebevis
Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid.
Mistar du prøvebeviset, ta kontakt med kommunen der du tok prøva.