Program
Fredag 5. februar
Kl. 17.00: Kurs // Lærdal kulturhus
Du kan melde deg på ulike kurs, liste over kurs vert lagt ut seinare.
Kl. 18.00: Strikk og drikk // Laksen bakeri og kafé
Uformell samling med strikketøy og noko godt i glaset. Møt andre strikkeglade på Laksen bakeri og kafé.
Kl. 20.00: Offisiell opning og strikkekino // Kultursalen
Me opnar festivalen før du kan kosa deg med film og strikketøy i kultursalen. Film blir annonsert seinare.
Laurdag 6. februar
Kl. 09.00: Badstu og bading i Sognefjorden // Auga (krev eigen billett)
Start dagen med avslapping i badstu og friskt fjordbad. Kjøp billett direkte hjå Auga.
Kl. 09.00: Kurs // Lærdal kulturhus
Du kan melde deg på ulike kurs, liste over kurs vert lagt ut seinare.
Kl. 11.00-17.00: Garn og strikkemarknad // Sogn kunstsenter
Utforsk garnprodusentar, strikkebutikkar og strikketilbehøyr. Gratis inngang og ope for alle. Sjå liste over utstillarar lengre ned i programmet.
Ingvild Grane @skaperrom
Ingvild Grane
Kl. 12.00: Inspirasjonsføredrag- Sokkestrikk for skeptikarar og entusiaster med Ingvild Grane // Kultursalen (inkl. i dagspass/festivalpass)
Strikkarar kan delast i to grupper: dei som alltid har eit sokkepar på pinnane – og dei som aldri har det.
I dette foredraget vil Ingvild Grane slå eit slag for sokkane som det perfekte strikkeprosjektet: små nok til å få ferdig-å-strikke-kjensla ofte, store nok til å kunne eksperimentere med både fargar, mønster, garntypar og nye idear. Her får du tips og triks til sokkestrikk, smarte måtar å bruke restegarn på, og ei god dose fargeglede.
Undervegs får du sjå ei mengd sokkar – og kanskje får du nokre nye tankar om kva sokkar kan vere, både som bruksplagg og kreativt uttrykk.
Og kven veit: Kanskje går du ut att med eit sterkt behov for å legge opp eit nytt par?
Ingvild Grane deler fargerik strikkeglede med tusenvis av følgjarar på Instagram-kontoen @Skaperrom. Ho designar eigne strikkeoppskrifter og står bak fleire strikkebøker. Hausten 2026 er ho aktuell med boka Strikk sokkar, med 30 fargerike oppskrifter til kvinner, menn og barn.
Kl. 13.00: Kurs // Lærdal kulturhus
Du kan melde deg på ulike kurs, liste over kurs vert lagt ut seinare.
Kl. 14.30: Strikk og lytt // Kultursalen
Set deg ned og lytt til høgtlesing i kultursalen medan du strikkar. Ope for alle så lenge det er plass.
StrikkeTerje
Terje Tjelle
Kl. 16.00: Inspirasjonsføredrag – Selbuvotten i ord, bileter og tone med StrikkeTerje // Kultursalen (inkl. i dagspass/festivalpass)
Har du lurt på kvifor «alle» strikkarar kjenner til selbustrikk?
I dette foredraget blir du kjend med bygda Selbu, Marit Emstad (mora til selbumønstera), tradisjonane som har bore denne strikketradisjonen ut i verda, og kva som kjenneteiknar ein tradisjonell selbuvott.
Dette er ei reise gjennom selbustrikketradisjonen med særleg fokus på selbuvotten.
Kl. 19.30: Festkveld på Lærdal hotell med middagsbuffet, strikkebingo og musikalsk underhaldning (inkl. i festivalpass m/middag. Festkvelden inngår i begge festivalpassa)
Bli med på ein festkveld på Lærdal hotell. Me startar med aperitiff kl. 19.30 før det vert middag. Etter middagen opnar salongen, og me byr på strikkebingo og musikalsk underhaldning utover kvelden.
Søndag 7. februar
Kl. 09.00: Badstu og bading i Sognefjorden // Auga (krev eigen billett)
Start dagen med avslapping i badstu og friskt fjordbad. 6 plassar. Kjøp billett direkte hjå Auga.
Kl. 10.00: Strikkeyoga // Lærdal hotell (krev eigen billett)
Start sundagen med ei roleg Hatha-yogaøkt med fokus på pust, nærvær og rørsle. Me held kvar yogastilling i om lag fem pust, slik at du får tid til å kjenna etter, finna balanse og styrkja både kropp og sinn. Yogaøkta passar for alle, uansett erfaring og nivå. Varigheit: 60 minutt.
Kl. 10.00: Kurs // Lærdal kulturhus
Du kan melde deg på ulike kurs, liste over kurs vert lagt ut seinare.
Kl. 11.00-15.00: Garn og strikkemarknad // Sogn kunstsenter
Utforsk garnprodusentar, strikkebutikkar og strikketilbehøyr. Gratis inngang og ope for alle. Sjå liste over utstillarar lengre ned i programmet.
Kl. 11.30: Guida vandring i Gamle Lærdalsøyri
Opplev historiske Lærdalsøyri med guida vandring. Påmelding på festivalkontoret. Oppmøte Lærdal kulturhus.
Kl. 13.30: Inspirasjonsføredrag: Spøt og saum i Sogn med Sogn bunadnettverk // Kultursalen (inkl. i festivalpass/dagspass søndag)
Sogn bunadnettverk
Sogn bunadnettverk
Sogn bunadnettverk fortel om den rike tekstile kulturarven i regionen, mellom anna eit spøta vottepar frå Lærdal frå 1700-talet.
Kl. 15.00 Takk for i år!
Med atterhald om endringar.
Følg oss gjerne på facebook eller instagram: @laerdalstrikkefestival
Overnatting
Ynskjer du å tilbringe heile helga i Lærdal kan du bestille rom på Lærdal hotel, som er årets festivalhotell og husar fleire av arrangementa. Hotellet tilbyr 15% rabatt på rom for alle som ynskjer å delta på strikkefestivalen. Bestill rom på denne lenka her.
Slik kjem du deg til Lærdal
Lærdal ligg sentralt plassert midt mellom Oslo og Bergen. Det er fine vegar å køyre om du vil reise med bil. Då parkerer du bilen på den store parkeringsplassen mellom Kiwi og Lærdal kulturhus. Hugs å sjekke vegstengingar i perioden.
Dersom du ynskjer å fly, er næreste flyplass Sogndal lufthamn, Haukåsen. Her går det daglege fly. For buss som korresponderar frå flyplassen kan du sjekke Entur.
I tillegg går det bussar fleire gonger om dagen frå både Oslo, Bergen og Førde/Florø. Sjekk nettsidene til NOR-WAY bussekspress eller Vy.no.
Laurdag og søndag vert det garn- og strikkemarknad i Lærdal kulturhus. Her er det gratis inngang og du vil møte ein flokk med flotte utstillarar som stiller både med inspirasjon og sal av nydelege garn, strikkepakkar og strikketilbehør. Lista vert oppdatert undervegs

Med atterhald om endringar. Lista er ikkje komplett og vert fylt på framover.

Kjøp billett
Billettkategoriar:
Festivalpass m/middag 1400 kr
Festivalpass u/middag 850 kr
Dagspass fredag 150 kr
Dagspass laurdag 550 kr
Dagspass søndag 150 kr
Festivalpasset gir tilgang til alle inspirasjonsføredraga, strikkekinoen fredag og festkvelden på Lærdal hotell laurdag. Du kan velja mellom festivalpass med eller utan festivalmiddag. Begge festivalpassa gir tilgang til strikkebingo og musikalsk underhaldning på festkvelden.
Har du dagspass for laurdag, kan du kjøpa billett til festkvelden med eller utan festivalmiddag. Det er òg mogleg å delta på festkvelden utan å vera med på middagen.
Dagspass gir tilgang til programpostane den aktuelle dagen, med unntak av kurs, strikkeyoga og andre aktivitetar som krev eiga billett.
Kurs og strikkeyoga krev eigne billettar og er ikkje inkluderte i festivalpass eller dagspass.
Andre billettar:
Badstu og bading i Sognefjorden krev eigen billett som kan bestillast direkte hjå Auga. Avgrensa tal plassar.
Strikkeyoga krev eigen billett. Avgrensa tal plassar.
Kurs krev eigen billett. Avgrensa tal plassar.
Garn- og strikkemarknad har gratis inngang og er ope for alle.