Lærdalsmarknaden
Ole Ramshus Sælthun
Lærdalsmarknaden er ein friluftsmarknad som er blant dei eldste i Noreg med røter tilbake til 1500-talet. Lærdalsøyri låg godt til rette til marknadsplass. Her var det eit naturleg knutepunkt mellom aust og vest. Den eldgamle ferdselsvegen gjekk her opp frå fjordbotnen og over Langfjelli austover til innlandet. Sjølvsagt vart det då meir innbringande for bønder og handelsmenn å ha naust og sjøbuer her nede ved sjøkanten.
Marknaden var og viktig for utveksling av kultur mellom bygdene og landsdelene og påverknad generelt utanfrå. Ungdom og tenestefolk strøymde til for moro og fest. Spelemenn frå Hallingdal og Valdres, møttest med spelemenn frå vestlandet. (Kjelde: Lærdal bygdebok IV Heim og ætt, Lærdal kommune, 2001)
Foreninga Lærdalsmarknaden arrangerer tre marknader årleg; Lærdalsmarknaden (tredje heile helga i juni), Haustmarknaden (siste helga i september) og ein Julemarknad på nest siste laurdagen i november