Konteineren står klar i Habben til å bli fylt med marint søppel
Ole Ramshus Sælthun
Framtidshavet står i bresjen for ryddeaksjonen, og deira mannskap vil driva med rydding utpå fjorden.
So ønskjer me at ein del lærdøler (og andre) tek seg ein rydderunde nede på strandlinja langs fjorden - eller at ein ryddar oppover dalen, særskilt i nærleiken av elvi - for avfallet hamnar ofte på fjorden til slutt uansett.
Du får hanskar og sekker
- Det står ein konteiner ytst på Lærdal kai/Habben ut denne veka ein kan kasta avfallet ein ryddar i. Denne har “tak” for at ikkje fuglar skal dra søppel utatt, men det er dør på sida mot Erdal for å opna og kasta avfallet inn
- Ein får hanskar i ulike storleikar og plastsekkar i servicesentralen på Lærdal rådhus torsdag og fredag 04.09 - 05-09 kl. 0900-1500. Spør den eller dei som står i luka, og de får utstyr. Hanskane bør ein ikkje kasta, for dei kan brukast mange gonger som f.eks hagehanskar
Det er også supert om ein registrerer kvar ein skal rydda her på Framtidshavet si nettside, slik at me veit noko om kor mange som ryddar. Men det viktigaste er altså at det blir rydda så godt me får til.
Meir informasjon om Rein Sognefjord får du ved å klikka her.