Bli med på ryddedugnaden for ein rein Sognefjord 4. september

I fjor rydda me nesten 14 tonn plast og søppel frå fjorden vår under dunaden Rein Sognefjord. 4. september håpar me du er klar att!

Lærdalsfjorden - Klikk for stort bildeLærdalsfjorden Ole Ramshus Sælthun

Stiftelsen Framtidshavet er initiativtaker og hovedarrangør, og i tett samarbeid  med kommunene, næringslivet og organisasjoner langs Sognefjorden, inviterer dei for andre året til ryddedugnaden Rein Sognefjord 4. september.

Kva er Rein Sognefjord?

  • Kva: Ein strandryddedugnad der vi ryddar så mykje marin forsøpling vi kan på éin dag
  • Kvar: På land og langs heile kysten av Sognefjorden
  • Når: Torsdag 4. september 2025 – dugnadsdagen (Men det kan ryddast heile veka 1. - 7. september)
  • Kven: For alle som bur rundt Sognefjorden eller som vil ta turen for å delta på ryddedugnaden

Stiftinga Framtidshavet syt for at det blir sett ut container på Lærdal ferjekai, altså i “Habben”.   

Det vert lagt til rette for at det kan ryddast i dagane før og etter sjølve dugnadsdagen. Containerane vil stå ute i veke 36 (1.–7. september).

Meir informasjon og påmelding: Rein Sognefjord — Framtidshavet

Til den som melder seg som lokal ryddeleiar: Roller og oppgaver — Framtidshavet

Sprei bodskapen, ta med familie, vener, kollegaer – og bli med å skrive vidare på historia om ein reinare, vakrare Sognefjord.

Ryddelag og hygge

I tillegg til ryddinga, er det viktig med kos, hygge og sosialt samvær rundt dugnaden.

Framtidshavet har sett av midlar til at registrerte ryddelag skal få dekkja utlegg som går til mat og drikke til sjølve dugnaden. Slik at dersom eit ryddelag har lyst til å bestille pizza, grille, ha kakao og liknande så er dette mogeleg. Skjema du kan senda til Stiftelsen Framtidshavet for refusjon av utlegg

For å få dekkja utgifter til mat og drikke på dugnadsdagen, må ein ryddeleiar organisera  og ta ansvar for at sitt ryddelag vert registrert. Ynskjer du å bli ein ryddeleiar for ditt lag/organisasjon/frivillige kan du gjera det her i skjema for ryddeleiar til Stiftelsen Framtidshavet.

For utdeling av materiell, plastsekker og hanskar i Sogndal kommune ta kontakt på e-post: ole.saelthun@laerdal.kommune.no

Meir om aksjonen

I invitasjonen som er sendt ut, skriv Framtidshavet følgjande: "Fjorden treng oss – og tida for å handle er no. Vi ser kva forsøpling gjer med naturen, dyrelivet og våre eigne leveområde. Kvar plastbit vi fjernar, tel. Kvar einaste innsats, liten som stor, er med på å snu utviklinga. Marin forsøpling er eit stort problem, som påverkar livet i havet og alle som har noko med havet å gjera. Gjer ein forskjell. Gjer det for framtida. Gjer det for kjærleiken til fjorden. Kva skal du 4. september? Vi håpar svaret er: Eg skal ut og rydde fjorden!"