Kva er ein støttekontakt?
Ein støttekontakt kan vere med deg i sosiale samanhengar og som følgje til fritidsaktivitetar. Støttekontakten kan til dømes bli med deg og gå tur, dra på kino, gå på kafé, trene eller andre sosiale aktivitetar.
Du får tildelt eit visst antal timar per månad saman med støttekontakten. De avtalar dykk imellom kva de ønskjer å bruke tida på.
Kven kan søkje?
Du kan søkje om støttekontakt om du treng tilrettelegging for å delta i sosiale aktivitetar og få ei meiningsfull fritid.
Både born, ungdom og vaksne som bur eller oppheld seg i Lærdal kommune kan søkje om støttekontakt.
Slik søkjer du
For å søkje bruker du søknadsskjemaet vårt for omsorgstenester. Der beskriv du din situasjon og kva du meiner du treng hjelp til.
Søk om støttekontakt
Pris
Tenesta er gratis, men du dekkjer dine eigne utgifter ved deltaking på aktivitetar.
Ønskjer du å bli støttekontakt?
Sjå korleis du kan søkje om å bli støttekontakt.