Kven kan få hjelp?
Rusoppfølging og/eller psykisk helsehjelp gis etter søknad til personar over 18 år, som har behov for støtte, hjelp og bistand på grunn av rusavhengighet etter ein eller fleire av desse kriteriene:
- Nedsatt fungering i dagleglivet.
- Langvarig, moderat eller alvorleg, rusavhengighet.
- Funksjonsfall (brått ikkje klarer å fungere som normalt) grunna mildare eller kortvarige rusproblem som krev profesjonell hjelp over ein tidsperiode.
- Motivert for endring og ein reinseprosess.
Ved trong for akutt hjelp
Kontakt fastlegen din eller legevakta, telefon 116 117. Mental helse sin hjelpetelefon: 116 123 (Frå utlandet: +47 911 16 123)
Ved livstrugande tilstandar, ring 113.
Kva kan ein få hjelp til?
Hjelpa kan bestå av eit eller fleire av punkta under:
- Lågterskel støttesamtale
- Oppfølging i krevjande livssituasjonar/kriser
- Hjelp og støtte i dagleglivet/heimen - miljøterapi
- Lågterskel dagtilbod - tur/trening individuelt eller i gruppe, samt sosial møteplass
- Hjelp/støtte til å opprette kontakt med andre instansar/tenester
- Individuell Plan
Rusomsorg blir gitt av helse- og sosialfagleg personale med spesialisering innan psykisk helse og / eller rus.
Lågterskel støttesamtalar krev ikkje søknad, innbyggjarane kan ta direkte kontakt på eiga hand, eller bli tilvist frå andre instansar.
Ved behov for meir langvarige tenester i heimen, t.d. miljøterapi eller praktisk bistand på bakgrunn av psykiske og rusrelaterte utfordrinagar må ein søkja.
Slik søkjer du
Du søkjer rusomsorg ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester.
Søk om helse- og omsorgstenester
Nasjonale pasientforløp for psykisk helse og rus
Pasientforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, eventuelt pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.
Pasientforløp for utgreiing og behandling i psykisk helsevern, vaksne
Pasientforløp for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
Meir informasjon finst på nettsida til Helsedirektoratet – Pasientforløp for psykisk helse og rus.
LAR
Legemiddel Assistert Rehabilitering er eit tilbod for personar med langvarig opioidavhengighet. Personen får tilbod om å bruke legemiddel som Metadon eller Subutex istadenfor illegale rusmiddel, i tillegg til psykososial støtte. Føremålet er å bidra til at personen blir motivert til auka livskvalitet og meistring av si livssituasjon når anna rehabilitering ikkje lukkast.
LAR er ikkje eit kommunalt tilbod, det kjem inn under spesialisthelsetenesta. Dersom du ønskjer å delta i LAR-programmet er vi behjelpelege med henvisning til rett instans.