Fekk du ikkje helsehjelpa du trong?
Du har rett til å klaga om du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, brukar eller pårørande, eller opplever å ikkje ha motteke dei tenestene du har krav på. Pårørande kan óg ha klagerett.
Treng du råd og rettleiing på vegen, har du moglegheit til å kontakta Pasient- og brukarombodet. Dei informerer om kva rettar du har.
Pasient- og brukerombudet arbeider for å ivareta pasient, brukar og pårørande sine behov, interesser og rettstryggleik i offentleg helse- og omsorgsteneste. Dette er eit gratis lågterskeltilbod for innbyggjarane i heile Noreg, og du kan vere anonym.
Les meir om kva og korleis du kan få hjelp på Pasient- og brukarombodet si nettside ved å klikka her.