Overgrepsmottak
Overgrepsmottaket for regionen vår ligg i eit eige bygg på Førde sentralsjukehus. Overgrepsmottaket tilbyr samtale, undersøking, prøvetaking, sporsikring og behandling ved seksuelle overgrep og for dei som har vert utsett for vald i nære relasjonar.
Ta kontakt på telefon 116 117 (Legevakt) og be om å bli sett over til overgrepsmottaket. Alle legevaktsentralane i Sogn og Fjordane har direktenummeret til legevaktsentralen i Førde som formidlar kontakt vidare med vakthavande på overgrepsmottaket.
Du kan henvenda deg anonymt, og treng ikkje å oppgje personalia eller kva saka gjeld, før du vert satt over til oss. Du kan ta kontakt på telefon for rådgiving eller avtale om oppmøte på overgrepsmottaket. Du kan også ta kontakt på vegne av andre enn deg sjølv. Du treng ikkje tilvising frå lege for å koma til overgrepsmottaket.
Du kan også senda ein SMS på telefon 92 98 87 85 dersom du ynskjer at overgrepsmottaket skal ta kontakt med deg. Du vert då kontakta på dagtid måndag – fredag mellom 09:00 og 15:30.
Ved å klikka deg inn på denne sida finn du meir informasjon om overgrepsmottaket
Krisesenter
Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhold til. Informasjon på andre språk finn du her:
Languages - Dinutvei.no
Krisesenteret for vår region er krisesenteret i Sogn og Fjordane i Florø. Dei har døgnope telefonnummer: 57 74 36 00
Du treng ikkje å vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr:
• Ein trygg, mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller vil
• Vern, tryggleik, råd og rettleiing
Absolutt alle kan kontakte krisesenteret, når som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med borna dine på krisesenteret.
• Krisesenteret har døgnopen vakttelefon
• Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret
• Du treng ingen tilvising eller timeavtale for å kontakta senteret.
Meir informasjon finn du ved å klikka deg inn på nettsida til Sogn og Fjordane krisesenter
Nok. Sogn og Fjordane
Lærdal kommune har eit samarbeid med Nok. Sogn og Fjordane, som er eit senter mot seksuelle overgrep.
Dette er eit gratis hjelpetilbod for utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Det trengst ikkje tilvising, og det jobbar erfarne fagfolk der. Ta direkte kontakt med senteret i Førde om du lurer på noko.
Nok. Sogn og Fjordane er og ein fagressurs som tilbyr rettleiing til fagpersonar om tema som omhandlar seksuelle overgrep. Du kan diskutera einskildsaker anonymt, få generell informasjon, be om føredrag eller undervisning.
Klikk på denne lenkja for å koma sjå nettsida Nok. Sogn og Fjordane – Ingen skal bli utsett for seksuelle overgrep