Inngangspartiet til Lærdal helsesenter - Klikk for stort bilde Inngangspartiet til Lærdal helsesenter Ole Ramshus Sælthun

Kommunelegar

Kommunelegetenesta i Lærdal består av tre faste legar og vanlegvis ein turnuslege lokaliserte på Lærdal helsesenter.

Adresser og telefonnummer: 

Telefon: 57 66 95 00 

Besøksadresse: 

Lærdal helsesenter, Øyraplassen 8, 6887 Lærdal 

Postadresse: 

Lærdal helsesenter, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal 

Opningstider ekspedisjon: 

Måndag, tysdag, torsdag og fredag: 08.00 - 15.30 

Telefontid: 08.30-11.30 og 13.00-14.30 

Onsdag: 09.30 -15.30 

Telefontid: 09.30 - 11.30 og 13.00 - 14.30

Dei tre legane har kvar si pasientliste i tillegg til kommunale oppgåver som t.d helsestasjonen eller tilsynslege ved Lærdal bu- og omsorgsheim. 

Når du treng time til lege, vert du sett opp til din fastlege. Dersom du tek kontakt same dag som du treng time på grunn av at noko akutt har oppstått, får du time til den som har legevakt den dagen. 

Felles legevakt for Årdal, Lærdal og Aurland, samt felles legevaktssentral for desse kommunane pluss Vik, Sogndal og Luster er lokalisert til Lærdal sjukehus.
Legevakt skal berre nyttast ved akutt sjukdom eller akutt forverring av kronisk sjukdom som ikkje kan vente til fastlegen kan kontaktast. 

Telefonnummer er 116 117

Ved fare for liv og helse, ring 113

Timebestilling, reseptar og sjukemelding

Du bestiller legetime ved å ringe oss, eller bestille via Helsenorge.no. Her kan du velje mellom vanlig legetime eller legetime via video.

Dersom du skal bestille time til blodprøvetaking, sårstell, fjerning av sting etc må du framleis ringe oss for å bestille time til dette.

Fornying av reseptar føretrekkjer me at du gjer via Helsenorge.no. Det kan gå inntil fem virkedagar frå ein tingar e-resept til legen har fått skrive ut resepten. 

Eigenandelstaket for frikort for helsetjenester er frå 1. januar 2025 sett til 3278 kroner. (Eigenandelstaket for 2024 var 3165 kroner). Les meir om eigenandelstak på HELFO sine nettsider ved å klikka her.

Dersom ein er sjukemeldt og meiner det er grunnlag for å få utvida sjukemeldinga, må ein bestilla time hjå fastlege i god tid før sjukemeldinga går ut. 

Fastlege

Kven som er din fastlege finn du på www.helsenorge.no si nettside. Der kan du også byta fastlege og bestilla legetime. Fastlegar ved legekontoret kan du også sjå under. 

Alle personar som i folkeregisteret har status som busett i ein norsk kommune, har rett til fastlege. Personar med D-nummer har ikkje rett til fastlege. Fylgjande grupper med D-nummer har likevel denne retten: 

  • Asylsøkjarar med D-nummer, og deira familie. 
  • NATO-personell med D-nummer, og deira familie.

Kontaktkort

Jan Erik Braune Matellanes
Fastlege
Maria Mouzaki
Fastlege
Selma Lupic
Vikarlege