Kva kan vi tilby?
- døgnopphold i sjukeheim
- døgnopphold i avlastningseining for barn og unge med funksjonsnedsettingar
- opphold heime hos private avlastarar
- ulike tilbod på dagtid
Det vert vurdert i kvar einskild sak, i samråd med søkjar, kva som er mest tenleg.
Kven kan søkje om avlastning?
- du som gir omsorga må ha behov for avlastning for å kunne halde fram med å ivareta omsorgsbehovet i heimen
- du kan vere eit familiemedlem eller ein frivillig omsorgsgivar
- omsorgsansvaret må vere langvarig og tyngjande
- gjeld omsorgsansvar både for barn, unge, vaksne, eldre og funksjonshemma
Når har du ikkje rett på avlastning?
- omsorgsgjevars behov for barnevakt
- at omsorgsgjevar manglar nettverk er ikkje aleine eit kriterium
- ei diagnose eller bestemd type funksjonshemming er ikkje aleine eit kriterium
- erstatning for andre tiltak som ein har tilbod om, men ikkje ønskjer å nytte, til dømes SFO eller heimesjukepleie
Transportbehov ved vedtak om avlastning
Når du er innvilga vedtak om avlasting (i institusjon eller til privat avlaster) for din nærståande kan du ha rettar til transport til og frå avlastarstaden.
Ved vurdering av behovet for transport legg vi mellom anna vekt på:
- foresatte eller pårørandes arbeidssituasjon
- omsynet til andre familiemedlemmer og den samla familiesituasjonen
- tilgang til eigna køyretøy og førarkort, herunder om det føreligg vedtak om eigen bil via NAV.
- rettar til transport gjennom andre ordningar, eks opplæringslova § 3-6 (skolesyssordninga)
- tidsbruk som medgår til transporten
- avstanden mellom avlastningsstad og heim/anna stad som transporten skal skje til/frå
- andre hjelpetiltak som er innvilga
MERK! Du søkjer om transport samtidig med søknaden om avlasting. Fyll inn behovet for transport i søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Du må grunngi kvifor du trenger transport i søknaden.
Slik søkjer du
Du søkjer avlastning ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester.
Søk om avlastning
Kva kostar det?
Tenesta er gratis. Den einskilde må ha med klede, medisin, toalettsaker, lommepengar og anna utstyr som trengs for eit opphald.