Tryggleiksalarm

Bur du åleine og har behov for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar? Føler deg utrygg, har opplevd fall eller har orienteringsvanskar kan du søkje om tryggleiksalarm med eller utan GPS.

Kva er tryggleiksalarm? 

Tryggleiksalarm er ei teneste til innbyggjarane i Lærdal kommune.

  • Alarmen er på storleik med eit lommeur. Den ber du på deg i heimen for å kunne tilkalle hjelp når akutt behov oppstår
  • Alarmen er enkel å bruke. Når du utløyser alarmen, blir du kopla direkte til eit responssenter som svarar på oppkallet ditt, og varslar heimehjelpa
  • Røykvarslar blir kopla til tryggleiksalarmen
  • Tryggleiksalarmen kan brukast når som helst på døgnet
  • Det blir montert ein nøkkelboks utanfor inngangsdøra for oppbevaring av dørnøkkelen din, slik at heimesjukepleia kan kome inn til deg når du har trykka på alarmen
  • Tryggleiksalarmen har telefonabonnement og SIM-kort inkludert i alarmen

Kven kan få tryggleiksalarm? 

  • Du har ein helsesvikt eller funksjonsnedsetjing som gir behov for akutt hjelp utover faste avtalar med heimesjukepleia
  • Du bur heime åleine eller tilbringer mykje tid åleine heime
  • Du er klar og orientert, men har ein funksjonsnedsetjing som gjer det vanskeleg å bruke telefon

Mobil tryggleiksalarm med GPS

Mobil tryggleiksalarm er til utandørs bruk og er spesielt egna for personar med kognitiv svikt eller orienteringsvanskar. Denne tar du med deg når du går tur, skal ta buss eller på butikken. Eininga består av ein alarmknapp med sporings-teknologi, som aktiverer tovegs tale mellom deg og dine pårørande når du trykkjer på den. 

Pårørande har også høve til å sjå kvar du befinner deg med hjelp av ein app for smarttelefon.

I nokre tilfelle blir mobil tryggleiksalarm m/GPS brukt for å mogleggjere bevegelsesfridom for bebuarar i bokollektiv for demente, bebuarar på sjukeheim og liknande. Då kan varsel gå til tilsette i den aktuelle bustaden.

Slik søkjer du 

Du søkjer tryggleiksalarm med eller utan GPS ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester.

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

Kva kostar det?

Sjå gebyrliste

Kontaktkort

Elin Thyri
Sjukepleiar og saksahandsamar
E.