Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit gratis tilbod til personar som er avhengige av helsehjelp i kvardagen for å kunna bu heime.

Kva kan eg få hjelp til? 

Heimesjukepleia utfører naudsynt helsehjelp og rettleiing til personar som bur heime og som er heilt avhengig av hjelp innenfor følgjande område, i kortare eller lengre periodar, til dømes : 

  • hjelp til personleg hygiene
  • hjelp til naudsynt legemiddelhandsaming
  • sårbehandling
  • kartlegging og rettleiing om til dømes kosthald og andre helsespørsmål
  • kartlegging, rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eiga hand
  • bistand i livets siste fase

Treng du hjelp med reinhald, kan du søke om praktisk bistand. Det er ein betalingsteneste.

Kven kan få hjelp av heimesjukepleie?

 Du kan søke om heimesjukepleie når du bur eller oppheld deg i Lærdal kommune og

  • har eit helseproblem eller funksjonssvikt som gjer at behov for sjukepleie i eige heim, til dømes til pleie, ernæring, medisinar eller sårstell
  • treng ettersjukdom eller opptrening for å klare deg sjølv
  • ønsker å motta omsorg ved livets slutt

Slik søkjer du

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

Kva kostar det? 

Heimesjukepleie er gratis. 

Kontaktkort

Elin Thyri
Sjukepleiar og saksahandsamar
E.
Hilda Marie Nese
Avdeleingsleiar heimetenester
E.