Mistanke om demens?

Har du mistanke om at du eller nokon av dine kan ha demens, ta kontakt med fastlegen din. Kom tidleg i gang med utgreiing!

Mange som trur dei har symptomer på demens, nøler med å ta kontakt med lege. Men jo tidlegare prosessen settes i gang, desto betre behandling og oppfølging kan du få. Det er også viktig å utelukke andre sjukdommar. Mange tilstander kan gi demensliknande symptom.

Kva er demens?

Demens er ei fellesnemning for ulike hjernesjukdommar/skadar i hjernen som førar til ein kognitiv svekking. 

Sjukdommane utviklar seg over tid og fører til aukande endringar i hjernen. Personar med demenssjukdom opplev å bli gradvis dårlegare, og hjelpebehovet aukar i takt med sjukdomsutviklinga.

Tidlege teikn på demens

  • Hukommelsessvikt, særleg nylege hendingar
  • Vanskar med planlegging og utføring av vanskelege oppgåvar
  • Språkvanskar
  • Forvirring kring tid og stad
  • Svekka dømmekraft
  • Vanskar med å fylgje opp personleg økonomi
  • Feilplassering av gjenstandar
  • Endring i humør og personlegdom
  • Tap av engasjement og initiativ

Undersøking

Undersøkinga startar hos fastlegen, gjerne med pårørande til stades. Fastlegen bestemmer om han/ho sjølv skal setje i gang ei demensundersøking, gjerne i samarbeid med kommunen sitt demensteam (minneteam), eller om pasienten bør bli vist til spesialisthelsetenesta for utvida undersøking.

Fastlegen samlar inn sjukehistorie, undersøker pasienten, tar blodprøver og viser til MR eller CT av hovudet.

Tilstander som blir undersøkt av spesialisthelsetenesta:

  • Personen er under 65 år
  • Personar med rask sjukdomsutvikling
  • Personar som har store utfordringar knytt til åtferd
  • Personar med utviklingshemming

Tilvising til spesialisthelsetenesta blir gjort av fastlegen.

Hukommelsesteam 

Hukommelsesteam er eit kommunalt lågterskeltilbod for personar med demens, eller med mistanke om demensutvikling, og deira pårørande

Hukommelsesteamet i Lærdal er eit tverrfagleg team som samarbeidar tett med fastlegane og anna helsepersonell i kommunen kring utgreiing og oppfylging av personar med demens

Ved mistanke om demens kan hukommelsesteamet hjelpa med kartlegging av funksjonsevne, heimesituasjon og eventuelle hjelpebehov til pasient og pårørande. Teamet er også ein rådgjevande instans som kan vere der for pasient og pårørande når de treng råd og rettleiing, eller berre nokon å prata med.

Kven kan ta kontakt?

  • Personar med nedsett hukommelse
  • Pårørande, vener, kollegaer og andre i omgangskrinsa
  • Helsepersonell i kommunen
  • Fastlege

Nyttige lenkjer

Kontaktkort

Tine Selmer Cruickshank
Koordinator pleie og omsorg
E.
Hilde Hokstad
Demenskoordinator
E.
Synnøve Askeland Kvamme
Ergoterapeut
E.