Ta kontakt med Hukommelsesteamet

Er du uroa for hukommelsen til nokon du står nær? Har nokon i familien fått ein demensdiagnose, og du lurer på kva som skjer vidare? Du treng ikkje stå åleine med spørsmåla dine.

Hukommelsesteamet i Lærdal kommune er eit lågterskeltilbod for personar med demens, personar med mistanke om demens og deira pårørande.

Hukommelsesteamet er eit tverrfagleg team som samarbeider tett med fastlegane og anna helsepersonell i kommunen kring utgreiing og oppfølging av personar med demens.

Har du spørsmål eller ønskjer ein samtale? Ta gjerne kontakt med oss. Du treng ikkje ha alle svara før du tek kontakt. Me kan hjelpa deg med å finne vegen vidare. Kontaktpersonar finn du nedst i denne artikkelen, og telefontid er måndag - fredag kl. 07.30 - 15.00

Kva kan me hjelpa deg med?

  • Råd og rettleiing om demens og utfordringar i kvardagen.
  • Støtte og samtalar når du som pårørande treng nokon å snakke med.
  • Kartlegging av behov for hjelp og tilrettelegging i kvardagen.
  • Informasjon om aktuelle tenester og tilbod i kommunen.
  • Vidare oppfølging og samarbeid med fastlege og anna helsepersonell ved behov.

Du kan ta kontakt sjølv om personen du er uroa for, ikkje har fått ein demensdiagnose.

Kven kan ta kontakt?

Både personar som opplever endringar i hukommelsen, pårørande og andre som er uroa for nokon dei kjenner, kan kontakte oss. 

Nyttige lenkjer

Her finn du meir informasjon om demens, råd og rettleiing og støtte til pårørande: 

Kontaktkort

Agnieszka Lis
Demenskoordinator
Telefon 90 17 24 18
Brita Skjerdal
Ergoterapeut (Vikariat)