Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2030

Lærdal kommune vedtok ny samfunnsdel til kommuneplanen i kommunestyremøte 18. juni 2026. Planen har eit 10-12 års perspektiv, men det skal vurderast om planen skal reviderast om lag kvart 4 år.

Kommuneplanen sin samfunnsdel er det overordna styringsdokumentet som legg føringar for samfunnsutviklinga i Lærdal i åra som kjem. Planen inneheld mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon, for sektorane og for utvalde målgrupper.

Samfunnsdelen gjev grunnlag for konkrete prioriteringar, og bidreg til betre løysingar og gjev meir forutsigbare rammevilkår både for sektorane og for innbyggjarane i kommunen.

Planen som blei vedteke i 2026 inneheld tre overordna satsingsområde:

  1. Levande lokalsamfunn
  2. Nær og trygg kvardag 
  3. Saman inn i framtida

 

Samfunnsdelen blei vedteke i juni 2026: Klikk på denne lenkja for å lesa planen i det digitale planverktøyet Framsikt