Promobilete for Lærdal - Klikk for stort bilde Promobilete for Lærdal

Ny i Lærdal?

Her finn du nyttig informasjon dersom du nettopp har eller tenkjer på å flytta til Lærdal. Er du her berre på besøk kan det også vera nyttig å lesa noko av dette.

Want the text in another language? Use for example Google translate.

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. 

Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri. 

Kartet syner butikkar, serveringsstader, hotell og andre tilbod i sentrum pr 2025 - Klikk for stort bildeKartet syner butikkar, serveringsstader, hotell og andre tilbod i sentrum pr 2025

Du kan lasta ned kartet over som PDF ved å klikka her (PDF, 935 kB)

Det kan også nemnast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, og gratis deltids-SFO for 3.klassingar
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda 

Kontaktkort

Ole Ramshus Sælthun
Rådgjevar kultur og kommunikasjon
E.