Vedtekter for SFO i Lærdal vart vedteke av kommunestyret 15.06.2023, og er gjeldande frå 01.08.2023. 
01.08.2024 tredde ny opplæringslov i kraft og det vart krav om kunngjering av alle forskrifter. Etter vedtaket er det gjort endringar i lovvverk og i opningstider. I tillegg er det gjort endringar i foreldrebetalinga.
Vedtektene for SFO er endra som følgjande:
Frå vedtekter for SFO til forskrift for skulefritidsordninga (SFO) i Lærdal
§ 4 leiing og bemanning 
§7 opptaksperiode og plass ved SFO
§ 8 Foreldrebetaling
§ 10 Opphald -og opningstider
Lagt til to paragrafar § 14 og § 16
nasjonale lov- og forskriftsendringa
Forskrift om skulefrititsordninga i Lærdal kommune kan du opna ved å klikka på denne lenkja (PDF, 284 kB)
Høyringsfrist 28.november
                    
                Du sender inn høyringsinnspel på ein av to måtar:
- På e-post til: post@laerdal.kommune.no
- I papirform til: Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal. Merk konvolutten med “Høyringsinnspel”
Dersom høyringsinnspelet er kome inn innan høyringsfristen, blir det i sin heilskap lagt ved i sakspapira til den politiske handsaminga av saka. Høyringsinnspelet og kven som har sendt det blir altså offentleggjort. Du har ingen krav om å få eksplisitt svar på høyringsinnspelet og/eller at det blir heilt/delvis teke til følgje.