Høyringsframlegg - Frivilligheitspolitikk 2025 - 2030Høyringsfrist er 9.oktober 2025.Lærdal kommune har utarbeidd framlegg til “Frivilligheitspolitikk 2025 - 2030”. For å koma med innspel i høyringsperioden, som går fram til 9.oktober - send ditt innspel til post@laerdal.kommune.no.Dokumenta finn du ved å klikka på lenkjene under:Høyringsframlegg - Frivilligheitspolitikk 2025 - 2030 (PDF, 671 kB)Vedlegg 1 - Innspel til frivilligpolitikk – rapport (PDF, 195 kB)Vedlegg 2 - Liste over kjende aktive lag og organisasjonar pr september 2025 (PDF, 113 kB)Kva er ein frivilligheitspolitikk?Organisasjonen Frivillighet Norge skriv følgjande om kva ein frivilligheitspolitikk er og kvifor det er viktig:"Ein heilskapleg frivilligheitspolitikk bør vera ein del av planverka til kommunen og omfatta både korleis kommunen legg til rette for frivillige organisasjonar og korleis kommunen og frivillige organisasjonar skal samarbeida.Målet med ein frivilligheitspolitikk er at kommunen skal leggja til rette for at det frivillige får gode vilkår slik at dei kan skapa gode aktivitetar. Ved å kartleggja og gå i dialog med den lokale frivilligheita vil ein få svar på dei utfordringane organisasjonane møter lokalt og korleis ein kan jobba betre saman.I dag har berre rundt 18 % av kommunar ein frivilligheitspolitikk. Samstundes viser forsking at kommunar som har ein frivilligheitspolitikk oftare har samarbeid med frivillige organisasjonar på fleire område, og at han påverkar korleis kommunen prioriterer frivillig sektor."Les meir om frivilligheitspolitikk på Frivillighet Norge si nettside ved å klikka her