Høyring - framlegg til samordna skulerute 2026/2027

Høyringsfrist er 18.november 2025.

Lærdal kommune legg ut forskrift om skulerute for skuleåret 2026/2027 på høyring - klikk på denne lenkja for å opna dokumentet. (PDF, 209 kB)

Forskrifta gjev informasjon om skule -og feriedagar som gjeld for elevane i Lærdal. Fylkeskommunal skuleruta set dei ytre rammene for regionen og kommunen sine skuleruter. I all hovudsak grunna skuleskyss. Andre rammer er offisielle høgtidsdagar og regionale plandagar.

Høyringsfrist er 18.november 2025, innspel sender ein til: post@laerdal.kommune.no (sjå nærare forklaring under)

Framlegg til skuleruta er sendt ut til:

  • Skulane v/rektor
  • Barnehagane
  • FAU
  • Elevråd
  • Utdanningsforbundet
  • Fagforbundet