Høyring - Detaljreguleringsplan for riggområde på Håbakken for oppgradering av Lærdalstunnelen

Utval for miljø og samfunnsutvikling har i møte den 2.oktober 2025 vedteke å leggja framlegg til Detaljregulering for riggområde på Håbakken for oppgradering av Lærdalstunnelen ut til offentleg ettersyn og høyring. Høyringsperioden er fram til 3.desember 2025.

Kort om planen

Føremålet med planen er å leggja til rette for å  eit mellombels riggområde i samband med at Statens vegvesen skal oppgradera av Lærdalstunnelen i samsvar med tunnelsikkerheitsforskrifta. Det er i samband med dette behov for eit mellombels riggområde for maskiner og personell som skal inn og ut av tunnelen i samband med arbeidet. Arealet for mellombels byggje og anleggsområde vert regulert permanent til Anna veggrunn – teknisk anlegg noko som er i tråd med dagens bruk av arealet.

 Planområdet er lokalisert vest for tunnelmunninga til Lærdalstunnelen. Arealet som skal nyttast til riggområde og tilkomstvegen frå Rv 5 er eigd av Statens vegvesen. Dette er eigedomane 19/4 og 19/38. Reguleringsplanen femnar også om delar av eigedomane 19/2, og 19/10 og 19/32, der den siste er eigd av Statens vegvesen. 

Et bilde som inneholder kart, tekst, atlas

KI-generert innhold kan være feil.

Det vert vist til planframlegget for fleire opplysningar.

Viktige saksdokument

Plandokument for detaljregulering finn du ved å klikka på denne lenkja

Merknad

Planframlegget er lagt ut til offentleg ettersyn på heimesida til kommunen.

Dersom du har merknader, må du senda desse til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, eller på e-post til post@laerdal.kommune.no. Frist for å koma med merknader er sett til 3.desember 2025.

Du får ikkje svar på merknaden din, men alle merknader vert lagt inn i den vidare handsaminga av planen. Innspel som vert sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data.

Spørsmål kan rettast til:

E-post: sissel.oye@laerdal.kommune.no

Telefon: 915 78454