Private tilfluktsrom
For dei fleste innbyggjarar vil det vere mest relevant å søkje tilflukt i eit privat tilfluktsrom viss det skulle bli nødvendig. Tidlegare var det eit krav om at alle bygg på over 1000 kvadratmeter skulle ha anlegg for tilfluktsrom. Det vil seie at alle blokker, kinoar, skular, forsamlingshus, næringslokale og liknande bygd før 1990 som regel skal ha dette. Desse vert administrert av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Sivilforsvaret.
Offentlege tilfluktsrom
Kommunane eig desse romma og har ansvaret for vedlikehald, medan Sivilforsvaret har ansvaret for drift og klargjering i ein beredskapssituasjon. Det finst og svært mange private tilfluktsrom.
Les meir om tilfluktsrom på Sivilforsvaret sine heimesider ved å klikka på denne lenkja.
Ved ei hending
I ein tenkt situasjon der flyalarmen går, betyr det at ein må søkje informasjon og dekning. Ein DAB-radio med batteri er difor viktig å ha. Er det ikkje eit tilfluktsrom i nærleiken, er alternativet å trekkje ned i kjellaren eller å halde seg unna vindauge og trekkje inn i bygningen.
Ved akutt fare kan varslingsanlegga brukast. Her kan du lese meir om dei ulike varslingssignala og kva dei tyder (sikkerhverdag.no).