Tablettene kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulukker, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene.
Jodtablettar skal berre takast etter råd frå myndigheitene. Det er kriseutvalet for atomberedskap som gir råd om dette. Det er Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit som leiar utvalet.
Jodtabletter kjøper du reseptfritt på apoteket.
Lærdal kommune har som del av den nasjonale beredskap eit lager av jodtablettar. Kommunen har eit system for å dela ut dette dersom myndigheitene gir råd om det.
Atomberedskap
Radioaktiv forureining og stråling kan gi helseskadar. Dersom ei atomhending rammar oss, vil Kriseutvalet for atomberedskap koma med råd eller pålegg om korleis vi kan beskytte oss.