Frå Kom heimatt for ungdom i 2024
Ole Ramshus Sælthun
Kom heimatt for ungdom blir arrangert for fjerde gong. Arrangementet er i regi av sosiallærarane på Lærdalsøyri skule og Lærdal kommune. Det er no lagt til veka før skulestart.
-Me tenkjer det kan vere ein fin moglegheit til å treffast etter sommarferien. Me vonar også at arrangementet kan vera med og leggja til rette for at dei som byrjar på ungdomsskulen kan bli litt kjende med kvarandre, seier sosiallærar Henriette Klingenberg.
Alt på ein dag
Kom heimatt for ungdom blir altså arrangert onsdag 13. august med oppstart kl. 12.00 og oppmøte ved Kosen ungdomsklubb.
-Me har dette året valt å arrangera Kom heimatt for ungdom med sykkelrebus og grilling på Kosen på ein og same dag. Det vert sykkelrebus fyrst og deretter grilling på Kosen ungdomsklubb etterpå. Me i arrangementskomiteen deler opp i lag.
Påmelding skjer ved å fylla ut skjemaet ein kjem til ved å klikka her, eller ved å senda e-post til ein av sosiallærarane - sjølv om påmeldingsfristen er sett til 6. august kan ein melda seg på heilt inn mot arrangementsstart:
margrethe.boe@laerdal.kommune.no
henriette.klingenberg@laerdal.kommune.no
Ved spørsmål er det også berre å senda e-post.
Kven kan delta?
Dei som startar i 8 klasse og opp til 17 år.
Kva er viktig å hugsa på?
- Alle må eta frukost før dei kjem.
- Ta med matpakke. Grillinga vert etter sykkelrebusen.
- Kle dykk etter vêret
- Ta med bytekle
- Ta med sykkel